SONGEN OM ST. SUNNIVA

Tekst: Jorun S. Roald & Toril Kalland
Melodi: "Du gamle mor"

1.
Den vene møya Sunniva i Irland budde ho.
Eit kongebarn - ho vidkjent var,
men giftast til heidning og vikingkar,
det steilt imot ho stod.

Tre båtar ut frå Irland for med Sunniva i stamn.
Dei la ut utan segl og ror.
Guds vilje dei førte mot høge nord,
på Selja fann dei hamn.

2.
Men Seljemenn uroleg vart, dei sa at møya stal.
For krøtera dei gjekk seg bort,
då måtte dei framande jagast fort.
Dei henta Håkon Jarl.

Og jarlen kom med hæren sin. Han ville møya ta.
Han stemna imot Selja inn,
dei heilage drog då i hellaren inn.
Ho Sunniva ho bad.

3.
"Lat ingen heidning taka oss", og Gud han gav dei svar.
Let berget rase som ein foss,
så hærfolket dei måtte kaste loss.
Der ingen kroppar var

Ein handelsmann han undra seg då mange år var gått.
Frå øya opp eit ljosskjer drog,
eit lysande mannshovud synte veg.
Det anga søtt og godt.

4.
Den skatt han fann den tok han glad til Olav Tryggvason.
mot Selja kongsmenn drog i rad,
ein lekam så vakker dei fann ein stad.
Gav tru til kristendom.

I ura gøymde seg ein skatt, ein lekam heil og fin.
St. Sunniva ho heilag vart.
Ei kyrkje til minne seg kneite bratt,
der hellaren går inn.